iDrift AS RSS Sidekart
Sidekart
Framsida
HANDBALLSKULE
KHK-kontakt oss
    Reiserute
    Foreldrevet
Send oss e-post
Laga våre
Dommar
Resultat/Tabell
Neste kamp
Arrangement2011
Treningstider
Treningstips
Sponsorane
Dikt om KHK
GRASROTANDELEN
Nettbutikk
Lenkjer
Nyhendearkiv
Internsider

Kontakt oss
Adressa til Kvinnherad handballklubb:
KHK
Postboks 296
5480 Husnes
Telefon
91388117 (leiar Anton Sjursen)
sjå også under KHK-kontakt oss

Sponsorar
iDrift AS
 Sparebank1 SR-Bank
Husnes Storsenter

Her finn du oss

Husneshallen ligg ved Kvinnherad vidaregåande skule.
Husneshallen

Alle kampar finn stad i Husneshallen. Den ligg ved Kvinnherad Vidaregåande Skule på tettstaden Husnes i Kvinnherad kommune. Det er greitt å kome seg til Husnes, om du så kjem sørfrå eller nordfrå. Reiseruter fylgjer under.

 

Nedst på sida finn du kart med reiserute frå Bergen, eit kart over Husnes og plassering av Husneshallen.

Dessutan ligg her ein link til Tide, der du finn aktuelle ferjetider.

Reiserute frå Bergen

Det finnes tre val, og vala avheng av om du vil sitte meir på ferje enn i bil. Same kva veg du tek skal du rekne deg omlag 3 timar. Husk å skjekke ferjetid.

Val 1:

E39 til Halhjem - ferje til Sandvikvåg - E39 til Skjersholmane - ferje til Ranavik -følg vegen mot Rosendal - køyr gjennom undersjøisk tunnel - etter tunnelen følges vegen mot Husnes. Hallen ligg ved Kvinnherad Vidaregåande Skule.

Val 2:

E39 til Hatvik - ferje til Venjaneset - RV552 til Eikelandsosen - RV48 til Gjermundshamn - ferje til Løfallstrand - følg vegen til Husnes. Hallen ligg ved Kvinnherad Vidaregåande Skule. 

Val 3:

E39/E16 til Arna - E16/RV 7 til Tysse -  RV48 til Gjermundshamn - ferje til Løfallstrand - følg vegen til Husnes. Hallen ligg ved Kvinnherad Vidaregåande Skule.

 

Reiserute frå Haugesund

Frå Haugesund kan du rekne deg omlag 1 1/2 time til Skånevik (reiseval 1) og 1 time til Skjersholmane (val 2). Husk å skjekke ferjetid.

Val 2 er eit dyrare alternativ enn val 1 men gjev ei meir behageleg reise med litt betre vegar.

Val 1:

E134 /Haukelivegen - ta av og følg RV48 til Skånevik - ferje til Utåker - følg RV48 til avkjørsel for Husnes. Eventuelt kan du ta av mot Sunde og følgje Opsangervegen til Husnes. Hallen ligg ved Kvinnherad Vidaregåande Skule.

Val 2:

E39 til Stord - ferje frå Skjersholmane til Ranavik - følg vegen mot Rosendal - køyr gjennom undersjøisk tunnel - etter tunnelen følges vegen mot Husnes. Hallen ligg ved Kvinnherad Vidaregåande Skule.

 

FERJERUTER 

http://tide.no/Default.aspx?pageid=756

 
 
Reiserute frå Bergen
Kart over Husnes, med markering av Husneshallen
Satelittbilete som viser lokasjonen vår. Husneshallen ligg rett ved Opsangervatnet.
 
 
  Tilbake