|
1. Møt fram til kamp - barna ynskjer det
2. Gje oppmuntring til alle spelarane under kampen - ikkje berre dei du kjenner
3. Oppmuntre i både medgang og motgang - ikkje gje negativ kritikk
4. Respekter lagleiars bruk av spelarar - ikkje forsøk å påverke han/henne under kampen
5. Sjå på dommaren som ein rettleiar - ikkje kritiser avgjerslene hans/hennar
6. Stimuler og oppmuntre barnet ditt til å delta - ikkje press det
7. Spør om kampen var morosom og spanande - ikkje berre om resultatet
8. Sørg for rett og fornuftig utstyr - ikkje overdriv
9. Vis respekt for arbeidet som klubben gjer - ta initiativ til årleg foreldremøte for å avklare haldninger og ambisjonar
10. Tenk på at det er barnet ditt som spelar handball - ikkje du |