|
 |  |  | |
Bortekamp mot Gneist for jenter-15 | Søndag 18.desember reiste KHK sine jenter-15 på bortekamp i Sandslihallen mot Gneist. Det enda med tap 31-23 for jentene våre. | | | Spelet fungerte ikkje så verst i første omgang. Jentene låg på eit tidspunkt under med fire mål, men klarte å hente opp dette og gjekk til pause med resultatet 12-11. I andre omgang starta dei med å hente opp differansen, til 12-12. Etter dette dalte innsatsen. Jentene våre ville ikkje nok i dag. Det mangla ein del på gnist og konsentrasjon, noko som resulterte i feilpasningar, som enda i mål for motstandarane. Kampen enda 31-23. Det var likevel fleire positive ting å ta med seg også i denne kampen, blant anna at fem jenter teikna seg på skoringslista. Dette er eit lag jentene vår kan slå dersom dei klarer å spele som eit lag og har nok vilje til å vinne. Vi satsar difor på at vi slår Gneist på heimebane!
| | | Spelarar: Malin E. Brix (9), Susanne B. Saghaug (2), Thea Vaage (målvakt), Malene S. Bjørsvik, Martine H.Fredlund (1), Renate Solheim (1), Margrete V. Kaldestad, Tina Abdulla (10) og Solveig Eikenes.
| | | |
| | | | | | | | | | |
| | |
|