|
 |  |  | |
To tap og ein seier for j-15 | KHK sine j-15 har hatt ei travel helg. Lørdag 3.desember var vi i Bergen og spelte to kampar mot Årstad og Åsane. Søndag 4.desember var det heimekamp mot Odda i Husneshallen. | | | Årstad - KHK: Første kamp i helga var mot Årstad i Haukeklandshallen. Jentene våre kjempa godt mot ein god motstandar, og trass i at det blei tap 26-19, spelte dei ein god kamp. | | | Spelarar: Malin E Brix (7), Susanne B. Saghaug (5), Thea Vaage (2) (målvakt første omgang), Elinor S Ersland (målvakt andre omgang), Renate Solheim, Malene S Bjørsvik(1), Martine H Fredlund, Margrete V Kaldestad, Bertine I Kviteberg (2) og Henriette F Simonsen (2). | | | Åsane -KHK: Andre kamp laurdag var mot Åsane i Åsanehallen. Våre jenter var i denne kampen tydeleg slitne etter forrige kamp. Når dei då møtte eit av dei beste laga i pulja, blei det eit nytt tap denne dagen, 33 - 14. | | | Spelarar: Malin E Brix (4), Susanne B. Saghaug (5), Thea Vaage (målvakt første omgang), Elinor S Ersland (målvakt andre omgang), Renate Solheim, Malene S Bjørsvik, Martine H Fredlund, Margrete V Kaldestad, Bertine I Kviteberg (4) og Henriette F Simonsen (1). | | | KHK - Odda: Siste kampen denne helga vart spelt søndagen. Jentene stilte opp med friskt mot og var einige om at i dag skulle dei slå Odda! Etter ein litt famlande start der låg under med fleire mål, klarte dei å samle kreftene. Etter den tid spelte dei den beste kampen så langt i år! Dei viste at dei kan spele tøft og godt forsvarsspel og med fart og variasjon i angrep. Til pause hadde dei kjempa seg opp til 12-12, og til slutt enda kampen 29 - 22. | | | Spelarar: Malin E Brix (11), Susanne B. Saghaug (9), Thea Vaage (målvakt), Elinor S Ersland, Renate Solheim, Martine H Fredlund, Margrete V Kaldestad, Julie Christin Dahl Johnsen, Tina Abdulla (9), Solveig Eikenes og Amalie Djuvstad. | | | | | | | |
| | |
|