iDrift AS RSS Sidekart
Sidekart
Framsida
HANDBALLSKULE
KHK-kontakt oss
Send oss e-post
Laga våre
Dommar
Resultat/Tabell
Neste kamp
Arrangement2011
Treningstider
Treningstips
Sponsorane
Dikt om KHK
GRASROTANDELEN
Nettbutikk
Lenkjer
Nyhendearkiv
Internsider

Kontakt oss
Adressa til Kvinnherad handballklubb:
KHK
Postboks 296
5480 Husnes
Telefon
91388117 (leiar Anton Sjursen)
sjå også under KHK-kontakt oss

Sponsorar
iDrift AS
 Sparebank1 SR-Bank
Husnes Storsenter

Heimekamp for jenter 15

Søndag 20.november møtte jenter 15 Kjøkkelvik på heimebane. Det viste seg å bli nok ein tøff match i A-pulja, som enda med tap, 13-22.
 

Jentene våre starta bra i første omgang. Særleg forsvarsspelet fungerte og dei tetta godt igjen framfor målet. Utover andre halvdel av omgangen fekk jentene kjenne på at dei møtte eit lag som har meir erfaring med A-puljespel. Våre jenter tok til å vise tegn på at dei blei slitne. Dei tapte første omgang med fire mål, 8-12.

 

I andre omgang sleit dei meir i forsvarsspelet, og angrepsspelet blei meir einsidig. Jentene ga likevel aldri opp. Dei kjempa og sleit seg gjennom kampen, og tapte andre omgang med fem mål. Sluttresultatet blei dermed 13-22.

 

Etter at vi no har spelt tre kampar i A-pulje - to tap og ein uavgjort - ser vi at vi har mykje å hente på fysikk og kondisjon opp mot dei beste. Jentene viser at dei har mykje vilje og ønskje om å stå på til siste slutt, men dei blir slitne. Vi satsar på at dette er noke jentene klarer å ta tak i, og at dei får utbytte av meir erfaring med å spele mot sterke motstandarar.

 

Vi ser at jentene har utvikling både individuelt og som lag, så stå på vidare jenter!

 

Spelarar:

Malin E. Brix (2), Susanne B. Saghaug (1), Tina Abdulla (8), Malene S. Bjørsvik, Renate Solheim, Bertine I. Kviteberg, Henriette F. Simonsen, Julie Christin D. Johnsen, Martine H. Fredlund, Thea Vaage (målvakt) og Elinor S. Ersland (målvakt).

 
 
 
  Tilbake