Damene er klar for 2. divisjon! (Foto: Kvinnheringen)
Kvinnherad Handballklubb (KHK) held til i Kvinnherad kommune, ved inngongen til Hardangerfjorden. I 2008 feira KHK 15 år.Klubben har over 150 medlemmer og har lag med i både aldersbestemte klassar og i seniorklassen for damer.
Seniorlaget for damer debuterte i 7. divisjon i 2004/05-sesongen. Året etter vart det opprykk. Dei to neste sesongane var laget nær nytt opprykk, men det var fyrst i sesongen 2007/08 dei tok steget opp til 5.divisjon. Sesongen 2008/09 vart ein flott sesong for KHK sitt damelag. Dei vart regionsmeistrar og gjekk gjennom sesongen utan tap. Sesongen 2009/10 spelte KHK i 4.divisjon. Der tok dei ein sterk 2. plass i pulja si, og rykka opp til 3. divisjon. Sesongen 2010/11 vart dei seriemeistrar i 3. divisjon og er dermed kvalifisert for spel i 2. divisjon i 2011/12.
Siste Nyhende
Julehelsinng
Kvinnherad Handballklubb ønskjer å takke alle medlemer, foreldre, supportarar og sponsorar for flott innsats og støtte i året som gjekk. Vi ønskjer alle saman ei god jul og eit godt nytt år!
22.12.2011
Open hall
30. desember kl 16:30 - 18:30 er det open hall i Husneshallen for dei som vil boltre seg med handballaktivitetar.
Velkommen!
22.12.2011
Bortekamp mot Gneist for jenter-15
Søndag 18.desember reiste KHK sine jenter-15 på bortekamp i Sandslihallen mot Gneist. Det enda med tap 31-23 for jentene våre.
KHK sine j-15 har hatt ei travel helg. Lørdag 3.desember var vi i Bergen og spelte to kampar mot Årstad og Åsane. Søndag 4.desember var det heimekamp mot Odda i Husneshallen.
Søndag 20.november er det klart for nye kampar i Husneshallen for Kvinnherad handballklubb sine jenter. J-12 spelar mot Nore Neset kl.12.00 og J-15 spelar mot Kjøkkelvik kl.13.00. Heimepublikum er hjerteleg velkommen til begge kampane!
19.11.2011
KHK - STORD
'Slaget om Sunnhordland' Mediaomtale fra kampen KHK - Stord i Kvinnheringen, Grenda og Sunnhordland